TEKST

NATURFAG+

Av Solveig Villung

FINN KUNSTNEREN:

Av jord er du komen, til jord skal du bli? Neppe.
Ein kjem frå ei lang rekke kombinasjonar av dna, celler og gen som gjennom generasjonar har blitt miksa, blenda og rørt saman – og ein dag oppstod miksen: deg!

 

Som celleklump traskar ein rundt på jorda i ei uviss mengde tid, medan ein omgir seg med andre tilsvarande klumpar som også held på med tilsvarande trasking. Nokre celleklumpar er der berre, enten du vil det eller ei. Like utvilsamt som maten du finn i kjøleskapet, senga du søv i om natta, og bilen som køyrer deg til og frå øving, så er dei der berre. Desse er gjerne klumpar av celler og gen som liknar aller mest på dine eigne.


Andre celleklumpar vil ein møte gjennom ei rekke heilt tilfeldige grunnar. Nokre av desse vil ha ein meir tiltalande cellekombinasjon enn andre, og dei vil ein gjerne halde fram med å møte. Nokre vil ein til og med ha lyst til å møte på så mykje som mogeleg. Plutselig kan det hende at ein møter kvarandre så ofte og så hyppig at cellene ein dag krasjar inn kvarandre, slik at det oppstår ein cellemiks. Slik held vi nemleg på, vi celleklumpar. Vi krasjar og miksar, og før ein veit ordet av det sit ein der med armane fulle av nye celleklumpar som er små mutasjonar av deg sjølv.


Av og til vil det vere vanskeleg å forstå sin eigen cellekombinasjon. Det kan til og med hende at du reint gløymer korleis du oppstod og kven som stod bak. Andre dagar er det tydeleg, då skjønnar ein det heilt klårt – slik ein etterkvart skjønar at maten i kjøleskapet og senga ein søv i ikkje berre er der av seg sjølv. Og så, kanskje ein dag det er opplett og lufta er frisk, så skjøner ein at det er dyrebart, og at det ikkje varer evig.