REGULATED

Foto

Av Torstein Lund Eik

I prosjektet “Regulert” tek Torstein Lund Eik til skyene for å utforska korleis vasskrafta påverkar landskapet. 

 

«Det er vilt, vått og i tillegg skapar det milliardar av kroner i inntekter. Finst det eigentleg noko meir sexy enn vasskraft?» 

 

Tradisjonelt sett så har luftfotografiet vore nytta til å få oversikt over kva ressursar som finst, men i “Regulert” vender fotografen verktøyet mot seg sjølv for å sjå på kva påverknad vasskrafta har hatt. Ho er meir enn berre vatn; ho er skular, sjukeheimsplassar, industriell revolusjon og arbeidsplassar. 

 

«Sjølv om vasskrafta er rekna for å vera blant dei mest fornybare energikjeldene vi har, så har den ein konsekvens den òg. Eg ønskjer ikkje å heva nokon peikefinger, men utfordra folk til å tenka over kva for eit avtrykk vi etterlet oss.»

 

Sjølv om fotografia er skapte med drone, er det langt ifrå noko direkte avbilding eller dokumentasjon. Lund Eik seier sjølv han kjenner seg mest som ein liten gut når han fotograferer, og at det er abstraksjonar, former og symmetri som fangar blikket hans. 

 

«Hovudtyngda av fotografia er fanga i det som for meg er velkjente landskap i Kvinnherad, men det er som om eg har sett det fullstendig på nytt frå lufta. Ofte må eg jobba litt for å forstå heilt kva eg ser på i fotografia. Den kjensla likar eg.»

FINN KUNSTNEREN:
regulert-blodfersk-6.jpg
regulert-blodfersk-8.jpg
regulert-blodfersk-2.jpg
regulert-blodfersk-5.jpg
regulert-blodfersk-15.jpg
regulert-blodfersk-16.jpg
regulert-blodfersk-17.jpg
regulert-blodfersk-10.jpg
regulert-blodfersk.jpg
regulert-blodfersk-4.jpg
regulert-blodfersk-7.jpg
regulert-blodfersk-14.jpg
regulert-blodfersk-12.jpg
regulert-blodfersk-13.jpg
regulert-blodfersk-3.jpg