TEKST

ROM

Av Fredrik Vågenes

Framfor meg står det ei barnevogn

og ved sidan av sit mora

ho er på telefonen

guten smilar til meg

med den blå lua godt tredd nedover hovudet

ute har byen nådd det punktet mellom sesongar

der trikken liksom heng etter

og fortsatt er kald

 

eg er litt frossen på hendene

men det er av frosten ute

vinden som maks ein gong i veka er her

helsar på

slik sett var det godt å kome inn

sjølv om auga hans

kjennest ubehageleg mot huda

eg har alltid likt kjensla av å sitte i barnevogn

eg hugsar liksom tryggleiken

og minna av mormor som trilla meg

kilometer på kilometer

når eg sjølv hadde lua tredd godt nedover

ho er død no

ho død no tidleg i vår

slik sakte

blei mindre og mindre

men ho hadde slikt same blikk som før

det var alltid mormor

inne i kroppen

det er rart å sei slik

det er jo sjølvsagt

på eit vis

men ein gløymer kanskje at gamle folk er også folk

det er ei tid for alt seier ein

om eg skulle døydd

nei

det er ikkje slik eg vil døy

eg trur eg

for eksempel

aldri kunne ha tatt mitt eige liv

ville du ha valt å vite når du skulle døydd

eller kva du døydde av blei eg spurt om

her hin dagen

men det er nesten umogleg å svare på

i alle fall slik det er no

falle bort seier ein vel

bli borte slik

å drukne skal vere det beste seier dei

eller eg veit ikkje kven dei er då

men eg har lese det

ein plass

ROM

mest på grunn av mamma

altså at eg ikkje kunne tatt mitt eige liv

eg trur ikkje ho kunne klara det 

trur eg

eller ho er sterk

men samtidig ein skjør ball av dårleg samvit

trur ho også føler på å ikkje vere god nok

men det eg undervurderer

eller har undervurdert

er den tryggleiken

at ho alltid er der

sofaen heime før

altså før vi no har bytta til ein grå sofa

var raud

og der mamma sat

eller låg då

ho ligg som regel

på sida med beina samla
samtidig som ho heldt hovudet oppe

sånn på sida

den hadde eit slikt søkk i seg

det var plassen til mamma

i det søkket

og slik er det med mamma

bare i meg då

at ho har eit slikt søkk i meg

som er heime

og om eg då skulle ha forsvunne

så ville det kanskje ha vore ein realitet

at ho ikkje er god nok

men det er jo ikkje heilt slik det fungerer

for det er akkurat det ho er

eller om eg skulle ha forsvunne er det jo ikkje som om det hadde vore hennar feil heller

nei

av og til kan det vere slik

nokon vel jo å døy

ein forfattar skreiv ein gong

at ei usynleg pine kan nå slike nivå

at ein til slutt vil ta sitt eige liv

slik nokon som til slutt vel å hoppe ut frå eit vindauge i ein brennande bygning

det er kanskje for grafisk slik

men at ei usynlig pine kan bli sett på som ei brennande kjensle

er eg ikkje framand for

slik kan ein kanskje forstå det

forstå valet

på bursdagen min i år

ikkje det at det er viktig

det er feil

det er i alle fall derfor det har satt seg då

på eit vis

men på den datoen

gjorde nokon det

ein eg har sett spele

eg kjenner han ikkje

han har berre alltid vert slik i sidesynet

ein eg nokon gongar såg på

let meg underhalde av

og kameraten hans fortalte om dagane før i eit offentleg brev

at dei budde i ein skyskrapar i texas

og dagane før hadde han måtte sove framfor balkongen i leiligheten deira

eg unner ingen å kjenne på den kjensla

den ansvarskjensla

tenk på det

ein av dagane før hadde han altså møtt på Byron

altså

han som

framfor

framfor balkongen

i stova

og det er noko med eit slikt møte

tenkjer eg

i ettertid

at den samtalen ein har då

midt på natta

langt over bakken

med han som er suicidal

og brenn innvendig

den dagen kompisen ikkje var der

det tar på slike ting

det er ikkje fordi han ikkje ville vere der

men han måtte noko

men då

då hoppa han altså utfor

tidleg ein morgon

eg tenkjer på auga Byron hadde midt på natta

dei dagane før

og lurar på korleis dei var

om han var her

for slikt kan ein sjå på auga

at ein går innover i seg sjølv

og brenn

kanskje han allereie var vekke

for sjølv om han kjende seg åleine

så var folk der

folk var der

folk er der

det seier ein jo når ein forlate kvarandre om noko er vanskeleg

eller berre om ein treng hjelp

vi er her om der noko

slik

vi er her

om ein er så inne i seg sjølv

så ser ein det ikkje

kjenner det ikkje

fordi når det brenn

i eit stort st.hans bål

så trekke folk unna

fordi det er for varmt

og til slutt

ja

til slutt er ein berre oska

han spelte eit spel han Byron

han var best i det

etter at det blei kjend

så samla folk seg

og sørga i lag

og då var ein ikkje åleine

men det kunne ikkje han sjå

men inne i spelet

i eitt av romma det samla seg mange menneske

for å minne han

så har dei som laga spelet plassert han
med namnet på karakteren hans

og ein kan snakke med han

og der kan ein sei til han

it was good seeing you again

it was good seeing you again

ungen med blå lue har no forlate trikken

og eg er to stopp frå der eg eigentleg skulle av

så eg går av her

eg blir nok litt sein

men det får så vere

det er ikkje noko viktig uansett

er det ikkje slik

eg brukar i alle fall eit par minutt på å fortelje meg det

slik at eg ikkje har dårlig samvit

når eg kjem der

ein plass stod det at ein ikkje bør fortelje at ein er sein

i alle fall ikkje til dei som ventar

for dei veit det jo

og om det er ein grunn
så er dei som ventar ikkje så mottakeleg for den grunnen

akkurat når du kjem

så vent heller til å fortelje om den grunnen etterkvart

når dei spør

eller berre gje faen

men altså

eg hadde ein lærar ein gong som sa at presis

det er for seint

og etterkvart har eg blitt meir og meir einig i det

sånn med meg sjølv

så eg strever som regel å etterleve det

andre si tid er på eit vis viktigare enn mi

tenkjer eg i alle fall

ja

eg vel å gå oppover elva

det er betre det enn gjennom bylivet

for det er noko med vatnet

eg er ikkje religiøs eller noko

men vatnet er ein slik plass som gjev ro

når eg seier vatn så er det havet som gjer meg størst ro

eg tar det eg får likevel
 

spesielt bølgjer har ei slik taktfast ro ved seg

noko kjenneleg

noko som alltid er der

for slik er det jo ikkje alltid

men havet ligg der

eller stig litt

sakte

og som liten stod eg heilt framme i baugen mens båten var i fart

og såg ned i mørkret

livredd for å falle uti

for at noko kanskje skulle ete meg

at eg skulle forsvinne

for eg har høyrd om straumane som tek deg langt til havs

nedover til der lyset har vanskeleg for å kome til

og berre forsvinne

slik sett er elva betre

der kan ein jo skimte sanda og steinane i botnen

som regel har eg ikkje lyset på sjølv

det er kanskje det som er fint med å vere åleine

rart nok

å bare vere meg i mørkret

nei

ho er ein av dei som kjem

framme der er benken

eg seier benken som om de veit kva for ein det er

eg tenkjer alle har ein favorittbenk ein går til

eller no

så er den nokon andre sin

no er det berre ein benk

som står der åleine

litt borte frå folk

nede ved elva

den er opplyst av ein lyktestolpe

så heilt einsam er den ikkje

eit slags vennskap

i tosemd nede ved elva

men berre etter sola har gått ned

når lyset kjem på

kort pause

som regel har eg ikkje lyset på sjølv

det er kanskje det som er fint med å vere åleine

rart nok

å bare vere meg i mørkret

nei

nei

ho er ein av dei som kjem

så den var alltid skikkelig rein når den blei satt i oppvaskmaskina

somme gonger tenkjer eg på om det hadde vore betre

om vi ikkje starta det

er klisje å tenkje

sei også kanskje

men det var fint

det var det

eg minst ho ein gong vi var ute på sjøen

og ho hadde flytedress på seg

sånn godt innpakka

og rett før sola går ned så er det som om det er ei annan tid

eit slags nostalgisk filter på verda

og slike augeblikk forsvinn eg tilbake i

kom inn døra og tok på lyset med ein gong

som ein refleks

er jo ingen vits med stearinlys når taklyset står på

ho er også ein av dei som et opp alt på tallerken

og om det er noko igjen pirkar ho i det med fingen

nokon har jo mykje saus eller anna på tallerkenen

ho skrapa den alltid

ho gjorde det for å halde seg opptatt

trur eg

eller kanskje det bare var slik

ja

ho kødda med meg

det var kanskje det eg synst var best

som om ho visste at det var det eg trengte mest

bli satt på plass og kødda med

halde styr på

ingen sjefete greie altså

heller ingen kinky greier

bare å vere saman

på same turen

overnatta vi på ein holme

det var ein slik barndomsdraum for meg

for eg har eit slikt sterkt minne frå mamma og pappa

der vi brann bål på denne holmen ein sommar

men eg ville ein gong sove her også

så det gjorde vi

men mot kveldinga gjekk auga hennar innover

i seg sjølve

og det var ofte slik

at ho ville sove

så eg sat ved sidan av

det er kanskje rart det

men ho ville det

eller kanskje

kanskje det var meir for meg

at det var for meg ho sa det

ho ville bli arkitekt

på vei til å bli det

eg var så stolt over det

sjå det som var i hovudet hennar utforme seg

og vi delte same kjensle for rom

om det så var å kome heim til nokon for første gong

sjå korleis det var

kjenne korleis det var

eller å gå inn i den store gamle kyrkja

på den høgda

gjennom all brusteinen

og smausa

så eg samlar på det

eg tar bilete av rom

og skriv noko

på eit vis er det falske minner

men det fyller litt av det som forsvann

i det rommet

på same måte som mamma har eit søkk i meg

med tryggleik

så er det eit anna rom der

som ikkje kan brenne slik

det klarar eg ikkje

ikkje så mykje lenger

i det rommet som er tomt

med bileta

dei falske minna

så er det også ein balkong

og eg har lenge no lagt framfor den

bare framfor

men eg klarar ikkje det

ikkje åleine

eg høyrer ikkje på meg sjølv ein gong

så kvifor skal andre høyre det eg vil

ikkje berre sjå på meg

eller sjå etter meg

det er forskjell på dei

og det å sjå nokon

sjå nokon

slik auga hennar var

gjorde

eg klarar ikkje det

ikkje åleine